Permakulturplanter.no

Nitrogenfikserende

Nitrogenfikserende Planter Latinske navn Hablitzia

Hablitzia tamnoides - Stjernemelde i 1 liters potte

 
Nordens mest lettvinte spinat
Vakker fleirårig klatreplante frå Kaukasus, der ho veks i gran- og bøkeskogar. I Norge brukt som matplante frå 1800-talet. Kan bli tre meter høg i løpet av våren, og visnar heilt ned til bakken om hausten.
Dyrking:
Livskraftig plante med få krav; trivs i sol som i skygge. Om våren kan det gjerne kome 100 skot frå ei plante, som du kan hauste av i fleire omgangar. Få andre planter er så produktive, så tidleg om våren. Stjernemelde har vist seg å vere hardfør heilt nord til Finnmark.
Bruk:
Dei unge skota smakar best. Kan brukast i alle rettar der du bruker spinat, f.eks. i pai, omelett, wok, salat...
Planta er forøvrig svært dekorativ der ho klatrar oppover eit gjerde, eit tre, ein husvegg... gi henne eit stativ, pinner el.l. som ho kan slynge seg rundt.
Solgt
80,00 NOK